'Iraq al Amir (arabisk:عراق الأمير - tyder, «Prinsegrottene») er namnet på ein by og nokre nærliggande grotter i Amman kommune i Jordandalen. Han ligg kring 15 km sørvest for byen Wadi Al Seer og har kring 6000 innbyggjarar. Han ligg i høgda og har mange kjelder. Byen er kjend for dei mange oliventrea sine.
Kring 500 meter sør for byen ligg den historiske staden Al-Iraq, med eit delvis restaurert palass kalla Qasr al Abd. Det vart bygd kring hellenistisk tid, kring 200-talet fvt., og nytta vidare under bysantinsk styre, før det vart øydelagd av eit jordskjelv. Det er mange grotter i åsane som er datert attende til koparalderen.